Skikurs for bedrifter

Mykjemeir tilbyr også i vinter skikurs for bedrifter. 

 

Det er høve for både klassiske kurs og skøytekurs. Kvar økt varar 80 minuttar og vil innehalda gjennomgang av dei ulike teknikkane innanfor klassisk og skøyting.

 

  • Klassiske kurs;  Diagonalt, dobbeltak med fråspark og staking.

  • Skøytekurs;  Enkeldans, dobbeldans og padling.

 

Kvart kurs går over tre kveldar innanfor kvar teknikk slik det vert god tid til repetisjon med instruktør til stades. Det er òg høve til å bestilla enkeltøkter.

 

Eit vanleg kurs har maks 8 deltakarar. Dersom gruppa vert større, delar me gruppa i to eller set inn ein ekstra instruktør. Uansett er 18 deltakarar maks.

 

Tid og stad for kurset vert avtala saman med bedrifta. Me har god erfaring med å bruka Jobru i Bærum som arrangørstad for slike kurs, men er opne for innspel.

 

Pris ved nærmare førespurnad: rune@mykjemeir.no

 

Me tilbyr òg styrketrening spesifikt retta inn mot skigåing. Denne trening kan haldast både på Mykjemeir eller ute i bedrift. Kontakt oss for tilbod på slike økter dersom det høyres spennande ut.

Smørjekurs

Også i år tilbyr Mykjemeir basis smørjekurs med Ronny Bakke. Ronny går aktivt på ski heile vinteren og har lang erfaring med behandling og smørjing av ski.

 

På eit slikt kurs vil du læra å: 
 

  • rubba såle og leggja festevoks og klister

  • friska opp gamal såle og leggja ny glider + sikla og børsta

  • rensa ski

  • om bruken av Fluorpulver og struktur/rilleverktøy

  • lagra skia for sommaren
     

Ronny har i tillegg mange gode tips å koma med til både aktive og mosjonistar.

Pris smørjekurs og styrketrening retta mot ski:

Etter nærmare avtale utifrå antal deltakarar, antal økter og stad.

 

Ta kontakt med rune@mykjemeir.no for meir informasjon!